Foreldreutvala på Voss
Bli med å slå ring om «Garden»
Dette er eit verdival – det skal ikkje handla om pengar.
Foreldreutvala (FAU) ved barneskulane på Voss representerer nær 1400 elevar. Saman med lokale næringsaktørar og eldsjeler tek me mål av oss å samla inn nok pengar til at «Garden» Lirhus kan halda fram som ein del av undervisingstilbodet i skulen.
Mot målet: 550 000 kr
Bidra med ei pengegåve
Alle bidrag tel, store og små.
Små gåver
Vipps-gåver vert ikkje betalte tilbake
Om noko av Vipps-pengane ikkje vert nytta til Garden, vert dei fordelte likt mellom foreldreutvala ved dei 10 barneskulane på Voss. FAU ved kvar skule avgjer saman med elevrådet kva dei skal nyttast til.
Større gåver
Gåver til bankkonto
Du får pengane tilbake om dei ikkje vert nytta til Garden.
3480 18 24899
«Slå ring om Garden»
Overfør frå nettbanken eller bank-appen din.
Pengane tilbake om dei ikkje går til Garden
Gåver til bankkontoen vert betalte tilbake dersom dei ikkje vert nytta direkte til Garden. Merk innbetalinga med namnet ditt, så me veit kven som skal ha pengane tilbake. Ved gåver med vilkår eller anonyme gåver: ta gjerne ein prat med Anders Flatlandsmo fyrst.
Vipps-nummer og bankkonto er stilt til disposisjon for innsamlinga av FAU ved Gullfjordungen skule.
Kvifor
I 25 år har elevar frå heile Voss lært på Garden Lirhus. Dei sår, haustar, stellar dyr og lagar mat frå jord til bord. Hausten 2026 vart tilbodet lagt ned.
Saman med lokale næringsaktørar og eldsjeler samlar me inn 550 000 kroner – halvparten av den årlege driftskostnaden – før heradsstyret vedtek budsjettet for 2027.
Bodskapen vår til politikarane er like enkel som han er tydeleg:
«Verdien av Garden skal ikkje målast i kroner og øre.»
– med samstemd helsing frå dei som avlar fram nye vossingar.
Datoar
- 23. novemberFormannskapet si budsjettinnstilling. Me håpar å kunna leggja pengar på bordet før den.
- 17. desemberHeradsstyret vedtek budsjettet for 2027.
Desse står bak
Foreldreutvala ved alle 10 barneskulane på Voss:
- Bjørgum skule
- Bulken skule
- Evanger skule
- Gjernes skule
- Granvin barne- og ungdomsskule
- Gullfjordungen skule
- Palmafossen skule
- Skulestad skule
- Vangen skule
- Vossestrand barne- og ungdomsskule
Kontakt
Spørsmål om initiativet, gåver eller anna? Kontakt Anders.
Anders Flatlandsmo
FAU Bjørgum skule
Representant for initiativgruppa og kontaktperson for gåver
Mob. 92 05 45 56 vabbakadl@hotmail.comUtvalskoordinering
Yngve Høyland
FAU Gullfjordungen skule
Koordinerer mellom foreldreutvala.
Mob. 97 72 12 79 fau.gullfjordungen@gmail.com